Meldingen presenterer politikken til regjeringen for å redusere klimagassutsleppa i perioden 2021-2030 i tråd med Norges klimamål og i samarbeid med EU.

For luftfarten står det blant annet dette i meldingen:

«Luftfart: I 2019 svarte utsleppa av klimagassar frå luftfarten til 1,2 millionar tonn CO2-ekvivalentar.»

» Noreg skal vere eit lågutsleppssamfunn i 2050, der utsleppa er reduserte med 90–95 prosent. Det betyr låge utslepp i alle sektorar, i luftfarten òg.»

«Utsleppsreduserande teknologi og innfasing av berekraftig luftfartsdrivstoff skal bidra til at luftfarten blir meir klimavenleg og tilpassa lågutsleppssamfunnet.

«Verkemiddel frem mot 2030

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for ein styrkt klimapolitikk for luftfarten. CO2-avgifta og kvoteplikta er dei viktigaste verkemidla for å redusere klimagassutsleppa frå luftfarten. Ein stabil og føreseieleg karbonpris gir insentiv til investering og adopsjon av låg- og nullutsleppsteknologi når den etter kvart blir tilgjengeleg, samstundes som det gjer det lettare for aktørar og bedrifter å planleggje. Regjeringa vil difor auke CO2-avgifta på innanriks kvotepliktig luftfart slik at den samla karbonprisen i 2030 er om lag 2000 kroner per tonn CO2, målt i faste 2020-kroner.»

«Regjeringa ønskjer å leggje til rette for rask innfasing av låg- og nullutsleppsteknologi i norsk luftfart. Det skal mellom anna vere enkelt og attraktivt for innovatørar å nytte Noreg som ein arena for testing og utvikling av låg- eller nullutsleppsfly. Tilnærminga skal vere teknologinøytral, og gjennom Enova og andre verkemiddel kan aktørar i luftfartsindustrien få tilskot til forsking, innovasjon og innfasing av utsleppsreduserande teknologi.»

«Luftfartstilsynet og Avinor bør bidra til at bakkebasert infrastruktur og luftrom blir tilgjengelege for testing av låg- og nullutsleppsteknologi. Regjeringa har i tillegg foreslått å innføre fritak for flypassasjeravgifta for reiser med låg- og nullutsleppsfly, føresett ESAs godkjenning, for å forsere innfasinga av slike fly.»

«For å auke etterspurnaden etter låg- og nullutsleppsfly vil regjeringa vurdere å bruke offentlege innkjøp som verkemiddel. Staten kjøper flyruter der marknaden aleine ikkje gir eit tilfredsstillande flyrutetilbod, gjennom ordninga med forpliktingar til offentleg tenesteyting (FOT). FOT-rutene skal forvaltast av fylkeskommunane frå 2022 for Nord-Noreg og frå 2024 for Sør-Noreg, når kontraktane til staten går ut. Regjeringa vil følgje den teknologiske utviklinga og vurdere om det bør stillast miljøkrav når teknologien er moden. Fylkeskommunen står fritt til å stille miljøkrav i desse innkjøpa.»

For å lese hele klimameldingen kan du gå hit.

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.